tirsdag 15. desember 2009

Endelig heime

Endelig heime etter ei reise på 24 timar. Det tek på, det tok ca 5 minutt frå eg sette meg i godstolen heime på Leikanger til eg sovna.
Bloggen Jan i Antarktis endar her og eg vil takka alle som har følgt meg i dei 13 månadane oppholdet i isøde varde.

jan

fredag 11. desember 2009

Fjakedag i Cape Town

I dag var den varmaste dagen eg har opplevd på lenge og vi bestemde oss for berre og svima rundt. Som de ser av bilde var det fleire som kosa seg i varmen. Vi sette oss på ein dobbeldekkar turistbuss som var open oppe og blei frakta rundt.
Turen gjekk forbi mange historiske plassar og ein som gjorde seg bemerka var District 6 som har spelt ein stor rolle i alt det styret det var om apartheid. Her blei alle flyta og alle hus gjevna til jorda. Og på grunn av byråkratiet her får dei ikkje til og byggja noko nytt, og denne pletten ligg berre med ugras og sandhaugar so syner den urett som dei farga blei utsett for.


Turen bar så vidre til Camps Bay der det var tid for strandvandring. Det var masse folk som bada og sola seg, badetempraturen var det so som so med då eg meinar alt under 30 grader er forkastelig.

Tempraturen i Cape Town kl 1600. Skal seia me kosa oss-
jan




torsdag 10. desember 2009

Table Mountain

Dette var ein spennande dag. Etter ein elles så friske dag i går, avsluttande med vintesting og ein del kritiske røyster om støttestig og anna, lurer eg no på om det ikkje hadde vore godt med ein tredje fot, berre i tillfelle.
Så for og komma til saken, i dag var vi med taubana opp til Table Mountain. Godt 1000 høgdemeter på 3min. Med gårsdagen vintesting rikt i minne må eg seia at eg sleit med høgde skrekk, så eg kreka meg fort inn på fast grunn og kikka rundt etter ein restaurant. Når no den fælaste skrekken la seg kunne eg vandra rundt og sjå ei fantastisk utsikt.

Her oppe kan ei sjå utover heile Cape Town. Byen er ca 100km lang og 70 km brei og med registrerte 3,5 million innbyggarar er det svære saker. Her oppe kan du sjå til Kapp det gode håp i sør og så langt auga rekk i nord.
jan

onsdag 9. desember 2009

Cap of good hope

I dag gjekk turen til Kap det gode håp. Vi leigde ein drosje med ein kjempesjåfør som bar navnet John. Dette var ein utrulig mann han ordna opp i det meste, var det noke som mangla var det berre og seia i frå. Han var utrulig kunnskapsrik og snakka svært godt engelsk. Betre guide går det ikkje an og få. Han køyrde oss rundt ein heil dag fra kl 9,00 til kl 1800 for 1200 rand, det vil seia ca 1000 kroner
Her er vi på markede i Hout Bay, ein liten fiskelandsby på veg til Kap det gode håp.


Endelig ved målet. Vi måtte nett ned til sjøen og kjenna på vatnet. Her er vannskilet mellom Atlanterhavet og det Indiske hav og det er ein tempraturskillnad på 4 til 5 grader.

Så var det vintesting, det var noke fæla greier. Du fekk 5 sortar som du kunne smaka på og sidan var du i gang. Problemet var at eg sputta ikkje ut men berre svelgde, det er no nett det eg er vant til. Den brune boksen til høgre, på bilde, var vist til og sputta i. Det gjekk ikkje lenge før eg måtte til med støttestig og det blei det fort kritikk av. John (taxi sjåføren) skratla og næmde på "same in norway as her"
Dersom de skal ha taxi i Cape Town så ring John på nr +270714094970


jan





tirsdag 8. desember 2009

Robben Island

Har no nett vore ein tur til Robben Island, der Nelson Mandela sat fengsla. vi vart guida av tidligare fangar og det var ein fæl historie dei hadde og fortelja.
Fangecellene var store, det var plassert ca 40 fangar på kvar celle. Dei låg på pledd rett på golvet. Og det regjerte ein volsom rangorden. Der ein starta nederst på stigen og måtte arbeida seg opp, det kunne hjelpa godt på med litt peng.

Cella til Nelson Mandela. Når det var mattid måtte dei møta ute på plassen med dobøtta i ei hand og matskåla i den andre. Der måtte dei reingjæra dobøtta før dei fekk mat og så sende tilbake til cella

jan


mandag 7. desember 2009

Jardin D`ebene Boutiqe Guesthouse


No har vi flytta til det hotellet eller rettare sagt gjestehuset som vi no skal bu på resten av oppholdet her i Cape Town
Gjestehuset ligg i Warren Street i svært rolig omgivelser, men likevel sentralt med kort gangavstand til sentrum.

Det er berre 5 rom på huset og alle er oppkalla etter afrikanske dyr, vi bur på elefantromet.



Det er no berre 4 gjester på huset. Eitt fransk par på brylupsreise og vi. Vi storkosar oss.
Sjekk ut nettsida. www.jardindebene.co.za
jan


søndag 6. desember 2009

Comandore hotell

Hotell Comadore ligg ca 5min gange frå Waterfront og er eitt kjempe utgangspunkt for og utforska Cape Town. Her har du dei beste handlegatene og det er ein sikker plass og gå, vakter over alt.
Hotellet er kjempeflott og har dei fleste fasiltetane. Basseng, trimrom, massasje, etc. Og kort gangveg til Waterfront. Hotellet er å anbefala for og få eitt perfekt opphold i Cape Town.

Jan