søndag 31. mai 2009

Orkanen Trym




Ja folkens, så sette det til att. Søndag 24 kom stor orkan. På mandag vart vindstyrken målt til 60 m/s, som vil seia vindstyrke på220km/t, og den gav oss ikkje fred før på onsdag. Vinden tok med seg 9 conteinerar og flytta 3 av dei ca 3 km opp på eit brefall som vi kallar Andrefallet. Ein fann vi att langt oppe i eit anna brefall som vert kalla Førstefallet. Og ein kjøleconteiner med to kjøleagregat inni låg kvelva mitt mellom. Elles var det og ein del mindre skader. Det reiste og to snøskuterar ein liten tur på eiga hand og den omtalte talarstolen som vart nytta 1mai er borte. Den har ingen sett sidan.


206'en fekk hard medfart, framdøra vart flekt av og ruta i døra på høgre bakdør vart knust.


Vi hadde og ein heil jobb med og sanka diverse effekter som låg på isen. Fleire sledar hadde funne seg nye plassar blant anna ein sidelastar hadde sigla nesten til Førstefallet.

Fleire av vindmålarane og VHF antenna rauk og værmasta på flyplassen blæs i venda.
Ein slik kraftfull orkan måtte få seg eitt navn og det blei Trym. Navnet fekk den etter barnebarnet til underskrevne som blei fødd 21 mai.


Henting av conteinerar på isen.









Talarstolen med fat og strammeband er søkk borte.




jan











mandag 18. mai 2009

16-17 Mai og litt til



Det har no vore hektiske tider her hjå oss. Frå 5 mai og til 14 mai har vi stort sett hatt dårlig vær, vi har hatt orkan i kasta og det er målt over 40 sekundmeter. Ein del av IPY utstyret sleit seg og brasa i saman. Litt skade blei det, men stortsett gjekk det bra.

10 mai var siste soldagen, det merka ikkje vi i uværet, så vekke er ho.

16 mai vakna vi til -35 og frose avløp, dermed ingen dusjing eller toalett (driting inne). Vel her var det berre og setja i gang med tining, og ut på kvelden var det opne slusar att.

Etter ein god dusj og vellukka hårklipp på Per, Øyvind, og underskrivne, kunne kokka varta opp med ost og kjeks, i bakgrunn lukta det potevin. Etter mat sat vi rundt bordet og spelte eitt spel som heitte Gruble. Og vi vart svært glade då det vart akkurat nok potevin og Norge vann GP.

17 mai vart vi vækte til frukost kl 0800 då vi skulle sjå oss sjølve på tv kl 0808. Sidan var det stramt program utover dagen. Flaggheising, leikar og full pakke, som de forstår.







Program før dagen.


Av leikar var det mjølkespannkasting. eggeløp og fatkasting. Når det gjalt eggeløp var det greitt, for det var -35, og då fraus egga tvert, forresten var visst eit par kokte og.



Asbjørn og Per i kvar si grein




Mjelkespann og fatkasting










Menyen var rømmagraut og spekemat. Og heilt til venstre underskrivne i finstasen saman med kjentsfolk.

jan

søndag 3. mai 2009

1. mai

Ja, så var det allerede 1 mai og det måtte og markerast her på Dronning Maud Land.Programmet var laga på førehand: Det starta med flaggheising kl 1000, og sidan var det felles frukost kl 1003, med Internasjonalen strøymande ut frå eteren i bakgrunn.

1. mai toget gjekk i den ny trakka utforbakken under Trollhaugen. Der vi sklei i flott prossesjon nedover med flagg. I botten av bakken står det ein Evrest klar til og dra oss opp att.



Varmestova blei flittigt nytta. Der var det varm gløgg og pølsene hang laust i panna. Som de ser av bilde, var iveren stor, når parolen blei diskutert.



På veg opp att.



1. mai talen var dagens høgdepunkt. Den vart helden av underskrivne som hadde eitt særs engasjerande publikum. Talen blei helden i sterk storm frå øst, så ordet breidde seg ut i verden i vestlig rettning. Når det no lei så langt på dagen, er det vanskelig og gjengi heile talen då gløggen gjorde til at parolen vart svevande. Men som de ser måtte stasjonssjefen halda seg, då det svimla for han, når han høyrde krava våre.
Dagen blei så avslutta i god ånd, då vi såg gymnaslærar Pedersen ( noke fæla greier).
God første mai
jan