torsdag 29. oktober 2009

Fimbul

Endelig vart vi no ferdige med brøytinga på flyplassen og no får vi håpa at værgudane er på vår side så vi slepp ut att på ei stund.
Dagane går no med og klargjera utstyr som skal på forskningstur ut på Fimbulisen i summarsesongen.
På bilde over er vi i gang med og dra to sledar inn i varme og kaldgarasjen. Den bakarste er ei teltvogn som skal innredast som kjøkken og soverom. Denne koblar vi av i kaltgarasjen, mens den andre skal inn i varmegarasjen. Det er eitt 400v aggregat og ei lita verkstadbu.


No er vi innkommne og det gjekk som gnistane fauk. Inn måtte det og det gjekk bra.
jan

onsdag 14. oktober 2009

Fuglar


Våren nærmar seg no med raske skritt i Antarktis. No har vi endelig ein sikker bekreftelse på fugleobservasjon.
Det heile starta etter at ein av oss overvinterane var på søndagstur (4-10) i Vassdalen og kom halsande heim med bilde av ein fugl. Bilde blei nøye undersøkt, og onde tunger meinte det var berre eitt rusk på linsa.
Den 7-10 var underskrevne ute på isen og styrde med nokre fuelconteinerar og blei oppmerksom på to Antarktispetrell høgt på himmelen, men utan foto blei det berre med praten.
Men den 10-10 kom den endelige bekreftelsen, 3stk med same observasjon og bildedokkumentasjon etter ein kjempetur på Buddamagen.
Endelig var all tvil borte, det var no fugleliv på Troll og vi går mot lysare tider.

jan

søndag 11. oktober 2009

Snø rydding

Ja, her går det stortsett berre i brøyting på flyplassen. Fram og tilbake 100 meter brei og 3000 meter lang, skal seia det går unna.
Vi hadde brøytt ca halve flyplassen til helga og var godt nøgde. Mandag var det eit 2 timars vidieo møte med innstitutet i Tromsø, det gjekk på planlegging av sommersesongen. Så den dagen hadde vi opphold på brøytinga.
Tirsdagen starta vi opp med nytt pågangsmot. Jau, pina deg, vi kom ca eitt par km ut mot flyplassen då det sette til med storm. Vi såg ingen ting og måtte berre snu, og innatt bar det.
Føyka var så tett at vi måtte køyre etter GPS.
Den dagen gjekk føyken.

Her er 900m ferdig brøytt for andre gang

Onsdagen klårna det opp att. Vi stupte i køyretøya, men skuffelsen var stor når vi entra flyplassen. Det var meir snø no enn når vi starta brøytinga. Så no var det berre og setja i gang ei lydbok og begynna og flytta på snøen att. Det går no i Snorre Sturlason og norsk kongesaga. Maken til herjing og dreping, og detta skal vi væra stolte av. Men ken kan tru at Harald Hårfagre kjem frå Leikanger nærmare bestemd Husabø. (Kanskje Baldershagen).



Fint er det når været stemmer.
jan

fredag 2. oktober 2009

Flyplassbrøyting

Hei og hå folkens, ja no nærmar det seg heimreise. Tirsdag denne veka byrja vi og brøyta flyplassen. Og det er litt av ein jobb, 3000 meter lang og 100 meter brei og med eitt snitt på 15cm snødjupn kan de tenkja at det er mange kubikk med snø som skal flyttast. I tillegg må vi brøyta snøen 50 til 100 meter utforbi flyplassen og fordela den utover, dette for og hindra skavelvirkning når det bles. På bilde over har vi brøyta over ein gang og skal til for andre gang og då er vi nede på isen.
Dette er det nye skjæret på hjullastaren, det rommar ca 15 kubikkmeter med snø. Det er eit Gjerstadskjær som har bevegelige venger desse kan slåast saman og ein kan skyva snøen over store strekningar. Saman med Volvo hjulastaren er dette eit fantastisk redskap til snørydding.

Brøytemanskap med utstryet oppstilt. Meg til venstre Dag i midten og Øyvind til høgre.
jan