torsdag 3. desember 2009

Endelig heimreise


Hei og hå endelig kom den etterlengta heimreisa. Over er bilde av ein glad gjeng som no endelig etter godt 13 månader, 8 mnd + 6 dagar av dei i isolasjon, endelig kan snu nasen heim. Vi vart frakta med Trollbussen ( slede med montert benker) ut til flyplassen og det vart markert med noko sprudlande godt, så det var ein glad gjeng som tok farvel med summartemet.

No er det rett før eg går inn i Ilusjyn 76 for og sitja i lasterommet og sova i vel 6 timar. Det fyrste vi får utlevert er øyreproppar og så kjem serveringa, eitt mentoldrops på alle mann. Det skal liksom vera det siste måltid på antarktis. Ja ein kan lura på kor det bære henn, men det gjekk bra denne gange og, vi kom til Cape Towen.


Endelig i Cape Town. Skal seia det var godt og kjenna varmegrader att. Kom inn kl 0630 så det var berre og få seg frukost og så stupa til sengs. Sto opp kl 11.00 sprang ut ok kjøpte eitt kontantkort og 6 lange pils, ringde så Ingrid og sa at alt var vel. Tok ein joggetur på ca 7km og site no og kompenserar for væsketapet.
jan

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar