søndag 22. mars 2009

Potevin i Antarktis

Eg site her og teinkjer, ka verden er det som ikkje har vore noken sinne på dette kontinent.


Amundsen, Scott, amerikanarar, indarar, argentinarar, nordmenn og kvinner, og folk frå mange andre nasjonar har vore her. Hundar, traktorar, fly, værballongar, sukker, panner ,telt, hus, gjær, snø, vind , øl, brennevin, poter og masse anna har vore, og er her, til og med ein sogning.
Som de ser er det mest ingen ting, eller folk, frå forskjellige nasjonar, som ikkje har vore her eller er her.

Jau pina deg teinkjer eg POTEVIN det er eg sikker på at ingen før meg har laga eller drukke på dette kontinent. Så det kan umulig ha vore her.


Eg er oppvoksen i Sogndal i Sogn med lett tilgang på sukker, gjær og andre tillsetningar , som blei flittig brukt i oppveksten. Men det var ikkje før eg flytta til Systrond at eg fekk ta del i nytelsen av ein lokal drikk som dei kalla potevin. Og det skal seiast at det er feite saker. Drikken blei ofte nytta i festelige lag når vi skulle bli litt løgnare enn vanlig. Den kunne og takast med på skiturar i fjellet, men då med blanda resultat. Det seiast på lokalspråket at den berre måtte nytast i laussnø. Og er ikkje til og anbefala på skareføre. Dette fordi det skjer noke løge med knea etter kort tid. Så eg fant fort ut at når den drikk skulle nytast, må det være under sikre (kontrollerte) høve.

Ja vell, tenkte eg, her er i alle fall noke som ikkje har vore eller vorte prøvd før i Antarktis. Eg sette i gang for og skaffa til veges råstoff. Dunk, poter, gjær, appelsiner, rosiner, hjortetakksalt og sukker. Alt var og få tak i, utan om sukker i dei mengdene som måtte til på 30l. Det er berre 40 kg på stasjonen. Og det skal vara heilt til første fly som kjem frå Cape Towen tidligast i november, så no ser prosjektet potevin ut til og stoppa opp. Redninga blei IPY (Internasdjonal Polar Year) Traversen som kom frå Sørpolen. Dei etterlet seg alle kjøyretøya og restprovianten sin her. Her var det berre og alliera seg med kokka som så stupte inn i matvogna. Blant kassar med soya karbonadar, sjokkoladar og anna mat som egentlig berre kyrene et, begynte ho og rista seg og fram kom ho med 10 kg med sukker. Likevel var det i minste laget så eg bestemde for og halvera mengden. Så blei gjort.


No var det berre og setja i gang. Onsdag 25. Februar blei det reglementert lagt 1.5 kg poter i frysen med skallet på, i ein plastpose. Disse fekk liggja der for å bli rettelig godt innfrosne. Laurdag den 28. Februar kl 1445 norsk tid blei så potetene tekne opp frå frysen og lagt i ei skål til tining. Dette er ein viktig sermoni då desse må ligga slik at ein tek vare på all avrenning i tine fasen. Skåla med dei frosne potene kan no stå på på disken med eit lokk på for og hindra fordamping. Potene kan no stå utan tilsyn eit par dagar og tina.


Mandag 2. Mars. No er alt klart og sjølve settjeprossen kunne startas. Og som sagt før, blei det til at eg ikkje skulle laga meir enn 15l av den sjeldne drikken pga. sukkerrasjoneringa. Alt var på plass. 15l vatten var i springen, potene på disken og der hadde det vokse seg fram rosiner, appelsiner og 20 gram gjær, som og sto på disken. Hjortetakksalte sto på øverste hylle, og den måtte eg ha krakk for og nå tak i. Sukkeret, som var trygt gøymd unna på ein lur plass (der ein og kan finna andre ting), vart henta fram. Dunken vart henta på renseanlegget og grundig reingjort og inspisert av underskrivne og stasjonsleiaren, som forresten har greia på litt av kvart. 15l vatten blei tappa opp. Dette blei lonka opp til kroppstempratur, sukkeret 5kg blei så rørt ut i dette. Så var det berre og henta potene og avrenninga. Desse var no mjuke, ja reint goe og ta på. Så skorne opp i skiver og lagt på toppen av vatnet. 4 stk appelsiner er skorne i båtar og blir lagde rundt potene som det ser ut som ei solie (løvetann) strør så på rosinene. Gjæren som på førehand er løyst opp i ca. 0,23dl blir hella på og ca ein halv boks hjortetakksalt, dette for og skvessa på gangen. Og så var det avrenninga etter potene, lett brun/svart på farge oppi med det og ferdig med det. Dette teinkje eg gjere susen. No føretek eg ei lett omrøring og spekulerar på om kvar dunken skal stå. Og det må bli på lomperommet (der arbeidskleda heng) på benken. Dunken blir no båren ut på lompen av 2 mann og pakk godt inn i ei dundyne, dette for og halde jevn tempratur. Gjæringsprosessen vil no starta etter kort tid og vil væra særs kraftig den første natta ,så den natta må eg ligga og halda på han så den ikkje bykser på golvet. Sidan er han rolig i ca 3 veker, då har gjæringa teke slutt og den kan tappast om til klarning.










Rett før vi legg oss







Når no potevin er ferdig skal den nytast i godt lag med goe vener og kanskje noke godt til.



Ferdig klar til tapping





Dette meinar eg er fyrste gong det er vorte gjort på dette kontinent. Dersom det er nokon der ute som kan motstrida dette må dei ta kontakt med underskrivne, så ikkje historien blir endra….



Potevin som no er under produksjon på Trollstasjon Dronnings Maud Land Antarktis vil bli servert på Påskafta samman med svidde sauahove og kanskje ein akevitt.



Eg vil komma tilbake med ein meir utfyllande reppotasje om potevinens virkningen på på det menneskelige ellement.


Velbekomme

jan

fredag 20. mars 2009

Jan sin blogg frå Trollstasjon Droning Maud Land Antarktis


17. November starta eg turen til ”Sørpolen”. Etter ein svært aktiv haust med opplæring og div anna. Det vart og 2 fantastiske veker på Svalbard/Tromsø med trening i førstehjelp og breklatring. Vi låg i camp på ein plass som heiter Brucebyen, innerst i Billefjorden. Treninga føregjekk på Nordenskjoldbreen.
Og som sagt før, starta turen den 17. November kl.1700, frå Gardemoen til London. Derifrå med fly til Cape Town i Sør Afrika. Frå London Til Cape Town tok det 12 timar med flyet, trangt og fælt. Men det gjekk bra. Og kl 1000, lokaltid, den 18. landa vi i 26 varmegrader. Vi skulle vera i Cape Town 4 til 5 dagar for å venta på fly til Novolazarevskaya, den russiske basen på Dronning Maud Land. Det synte seg at det ikkje var berre og gå rett om bord der nei. Der måtte vi briefast skikkeleg av russarane. Så det gjekk ein dag i opplæring, for å sitja på med ein Ilusjyn 76. Men utan om det fekk vi nokre fine dagar i Cap Town. Det vart ei fjelltur opp på Lion Mountain med fantastisk utsikt over byen. Og ikkje minst Robben Island. Vi leigde oss ein minibuss og køyrde heilt ned til Kapp Det Gode Hop. Det var ein fin tur , med besøk på ein vingard, markedsplass og div anna.



Endelig kl 2300 den 21. reiste vi frå Cape Town. Der det var 27 grader og det er litt for heitt. No var ventetiden over og vi kunne starta turen mot isen. Det var eitt fæla styr og komma seg ut frå Sørafrika. Det er så strengt der. Og ombord i det russiske flyet i lag med 20 tonn gods, i same rom, bar det avstad. De kan sjå på bilda at det var kummerlige kår. Det hoppa og riste og bråka så fælt at vi fekk utdelt øyreproppar. Knapt 7 timar tok det før vi landa på Novolazarevskaya. Det var -11 grader og stiv kuling. Her fekk vi greie på at flyet til Troll skulle gå kl 1400 same dag. Vi blei losa inn i eitt telt der det var sett ut 7 feltsenger. Altso 3 stk forlite då vi var 10 stk som skulle vidare. Vi sov på omgang. Flyet blei utsett ein time og gjekk ikkje før kl 1500 same dag, pga været. Men det gjorde ikkje noko. Russen dekka opp med rikelig med mat. Så mette og gode var vi når vi gjekk ombord i flyet inn til Troll. Det var ein Bessler DC3 frå 1943. Den tok av med brask og bram i sterk motvind. Etter det var det ein behagelig tur inn til Troll, men kalt. Vi flaug over eitt fantastisk landskap, sjå bilde.
Landa på Trollarfield kl 1630 og blei godt mottekne. Transtorten inntil stasjon føregjekk i Hegglunds beltevogn 206. Det er 8 km frå flyplassen og inn til Troll. Det var no godt og komma inn i varmen på Troll stasjon og få gode mat og ikkje minst ei god seng og ligga i.
23.11 I dag hadde vi gjennomgang på stasjonen og hadde overtakelse så no er vi i gang. Dette ser ut til og bli spennande. Været er svært bra . Sol frå skyfri himmel heile døgnet og 18 kuldegrader om kvelden. 13 minus om dagen og gode mat.


Den norske feltstasjonen Troll blei bygd under den norske Antarktis-ekspedisjonen 1989-90. Han ligg 1270 m.o.h. i posisjonen 72° 01' S, 2° 32' A i Jutulsessen, 235 km frå kysten. Han er lokalisert i eit område som er sentralt for norske forskingsinteresser i Antarktis.
I juni 2003 vedtok Miljøverndepartementet ved minister Børge Brende at Troll-stasjonen skulle byggjast ut og bli bemanna heile året. Heilårsstasjonen blei opna i februar 2005 av H.M. Dronning Sonja. Stasjonen kan huse åtte personar i den antarktiske vinteren, og mange fleire om sommaren.
Troll er blitt ein meteorologisk stasjon, ein strålingsstasjon for måling av UV-stråling m.m., og ein feltstasjon for glasiologiske, biologiske og fysiske feltprogram.

No går dagane stort sett til og gjera seg kjende med alle maskiner og anna utstyr som eg skal serva her på stasjonen. Og klargjera køyretøy som vi skal bruka til å hente proviant og overvintringsutstyr på Selfen. Det er iskanten ute ved kysten. Ein køyretur på ca 30 mil.

Dette er svært spennande då vi skal kryssa ein hengslingssone. Det er der landisen (Heile Halle) går ut i sjøen og vert flytande på den (Finnbulisen). Her er sprekker på opptil 5-6 meter breie og 20 meter djupe, som det er bygd snøbruer for å komma over. Fyrste turen vi hadde varde i 5 dagar. Det var med utstyr ned til hengslingssonen for så og lossa der. 3 mann vart så att for og sikra sprekkene. Vi andre reiste til Troll att for å henta meir.
Neste tur gjekk heilt til Selfen der den russiske båten Ivan Papanin låg og venta på og bli lossa. Turen tek 9 dagar og overnattinga er i små bur (hundehus) som er montert på sledar og telt. Køyringa gjekk fint og lossearbeidet gjekk svært fort då det var gode forhold. Kalt vær og god is. Eit uhell vart det då ein russisk sjøman datt ned og braut foten. Vi hadde heldigvis lege med oss så han blei gipsa og send med ei bandvogn til Troll, for vidare transport med fly til Novolazarevskaya og sidan Cape Town. Alt i alt blei det lossa: 21 cont. Med 11 000 l diesel i kvar. 2000 fat jetfuel A1. 2 proviantconteinerar (som og inneheld heimalaga øl frå Øvstedalen og juledram), eitt stk renseanlegg beståande av 3 stk cont, 4stk fulle sledar med stykkgods og til slutt ein hjullastar på 18 tonn og ein sidelastar for conteinerar.








Elles så hadde vi dagelig kontakt med pingvinar, dei kom heilt bort til oss og kikka forundra og lurte sikkert på kva vi var slags skapningar.

I retur vart det lasta opp alt av avfall, etter som alt som fraktast inn her må og fraktast ut att. Men då oftast i ein anna konsistens.
Fire stk Prinoth Evrest trakkemaskiner blei så lasta opp. 3 stk fekk 3 sledar med conteinerar kvar og den siste drog 4 sledar med stykkgods, i tillegg drog 2 trakkemaskiner og kvar sin slede med vårt utstyr, telt og mat. Og så var det berre å setja nasen heimover. Det gjekk i 12 km i timen. Og turen ein veg tek 3 dagar. Så ein får rimelig god tid til og studera naturen. Til saman drog vi opp 160 tonn, 40 tonn på kvar maskin. Så her var det berre å sleppa hestane laus. 450 på kvar. Stigninga var frå 10 meter (Selfen) og opp til 1706 meter nær ved ei fjellrekke som heiter Rismedet. Og sidan ned til Troll på 1270 meter over havet. Turen gjekk forsåvidt fint, men vi sleit med varmgang på hydraulikken på ei maskin. Det var no -22 og liten kuling og berre 2 meter sikt så eg må berre innrømma at eg kvidde meg ut for å skru. Klokka var 9 på kvelden og det blei bestemt å slå leir og avventa været. Vi hadde til no køyrt etter gps.
Vi våkna så dagen etter i steikande sol og berre -15, så eg var i skruinga før frukost. Fant feilen akkurat i det flesket var steikt. Og kunne så nyta frukosten i sola. Fleskdråpen stivna så fint på hakespissen. Turen gjekk så vidare utan problem.
Det var kvitt så langt auga såg. Av og til kunne vi skimta fjellrekker i horisonten. Vi passerte Skigarden, Rismedet, Risen, Hoggestabben, Buddamagen, Stabben, Sofiefjellet med mer. Og om kvelden når gradestokken kraup under -20 fekk vi sjå nokre fantastiske luftspeglingar av fjellrekker som vi ikkje såg elles.
På ettermiiddagen den niende dagen kunne vi endelig skimta flyplassen på Troll. Og det var godt. Då hadde vi vore ute i 9 dagar og det skulle bli godt og få seg ein dusj og ei god seng.

Det blei fleire turar etter dette, 5 total. Deriblant ein då vi vart overraska av dårlig vær og kjøyrde oss fast. Vi måtte då kopla frå sledane og hekta saman 2 Evrestar og trekka laus sledane.

I februar kom Erik Solheim med følgje, det vil seie 38 miljøvernmisterar frå heile verda med følje. Desse skulle overnatte på stasjonen, men det let seg ikkje gjere på grunn av dårlig vær. Dei kom og reiste på dagen. Dei tok og i mot IPY traversen som kom frå sydpolen, det vart då mykje stas (les styr)
Elles går dagane no, etter at vi vart åleine, med dagelige gjeremål på stasjonen. På fritida går eg turar i eitt fantastisk fjellområde. Og vi har ei skiløype på 10 km som vi nyttar ofte, og då er det godt med ein øl i stampen etterpå.


Jan