mandag 24. august 2009

Opplevelsetur til Buddamagen

Søndagen er den store turdagen for oss. Denne søndagen (23.8), var plan at turen skulle gå til Buddamagen.

Men den gang ei, ca 12-13km ut frå Troll gjekk motoren på Tl6en seg varm, og det var berre å stoppa. Opp med hytta, og stupte inn i maskinrommet. Der såg det ut, berre hjarta til radiatorvifta var å sjå, vifteblada låg fint posisjonert rundt omkring.
Kalla opp Troll på VHFen og bad om assistanse. Per kom ut med ein scooter, så bar det inn att etter deler.

Bytta vifta, og tok ein avkorta tur til Stabeisen då det leid på dagen.
Stabeisen er ein nunatak som er ute på isen i Jutulsessen.
Ein nunatak er ein fjelltopp som stikk opp av isen. Stabeisen er ein slik og stikk ca 25m opp og ser ut som ein kjøl på ein båt som ligg opp ned. Dette fordi isen har slite på den. Her kan de sjå eg ligg på magen inne i motorrommet og skifter vifte. Temp -30,
men vindstille heldigvis. På bilde kan de sjå sjølve viftehjarta, som de ser var alle vifteblada vekke. Vifteblada er justerbare og desse hadde lossna og teke bort i svingningsdemparen på motoren og forskruninga til denne og vart kappa opp i små betar.
jan


Antennevandring

Laurdag 22.8 var det endelig klart til den etterlengta antennevandringa på Troll. Etter mykje overtaling og lokking ville endelig Asbjørn ta oss med på ein runde til alle antennane på stasjonsområdet.
Det er 2 store aktørar som er kunde hjå Polarinnstitutet. Det er Kongsberg Satelittservise (Ksat) og Norsk Innstitutt For Luftforskning (NILU).
Ksat står for dei store antennane. Dei tek ned innformasjon frå div. satelittar som surrar rundt jorda. Blant anna Galileo (navigasjon) og Geo Eye som er foto.

NILU har eit labratorium der dei tek inn div. luftprøvar og annalyserar dei.
Alle data vert så sendt over satelitt heim til Norge. Bilde over syner den store antennen på Sofietoppen. Sjølve ballen har ein diameter på vel 10m.
Her er parabolen inne i ballen. Denne søker mot satelittane og følger dei så i bana over Antarktis. Diameteren på denne er 7,10m.

Glad gjeng på tur. Frå venstre Asbjørn. Øyvind. Britt. og Per. Dag var att på stasjonen


På toppen vart det servert varm kakao og solbollar.
Det er 3 slike store antennar og div små her på stasjonen.
jan


lørdag 22. august 2009

Men tankene mine får du aldri

"Men tankene mine får du aldri" er ei bok skreven av Sverre Asmervik og er vel vært og lesa. Men tankane mine er og vel vært og spreia rund. Etter 6 månader i issolasjon er det no føreteke grundig undersøkelse av tankevirksomheiten av mekanikaren på stasjonen, og det er dokkumentert på bilde under.
Etter so lang tid i einsemd er det stort sett enkle og greie tankar som no har festa seg i hjernebarken.

jan

søndag 16. august 2009

Sukkerkrisa


Etter at den no føromtalte sukkerkrisa på Troll stasjon no er over, og det har vokse seg fram sukkersekker på sukkersekker, er det no sett i gang forsøk med ein ny potevin dunk.

Det nye er no mangel på appelsiner, så kva kan vi bruka i staden for. Jau, det stakk seg fram ein luring med eit spann appelsinmarmelade. Så no var det berre og setja i gang.
Ja, no stå den atter ein gang på lompen. Og som de veit må eg nok ligga med han førset natta så han ikkje bykser på golvet.
jan

Filmfestival i Antarktis resultat

Her er resultata etter avsteminga på dei filmane som var med i Wiffa (Winter international Film Festival Antarctica).
Britiske Rothera vann med god margin. Bellinghausen (Russland) tok andre plassen og Troll med Hunger at Troll kom på tredje plass.
Totalt var det med 22 i 48-timarsklassen og 11 i open klasse.

Best 48Hr Film

1. Rothera (UK):The Quest of the Golden Roll
2. Bellingshausen (Russia): One Day of Vladimir Fyodorovich’s Life
3. Troll (Norway): Hunger at Troll

Best 48Hr Acting

1. Mawson (Australia): Mace Perfume
2. Rothera (UK): The Quest of the Golden Roll
3. Maitri (India): Wintering Blues

Best 48Hr Cinematography

1. Bellingshausen (Russia): One Day of Vladimir Fyodorovich's Life
2. Rothera (UK): The Quest of the Golden Roll
3.Troll (Norway): Hunger at Troll

Best 48Hr Screenplay:

1. Rothera (UK):The Quest of the Golden Roll
2. McMurdo (USA): Friend or Faux
3. Troll (Norway): Hunger at Troll

Best 48Hr Use of Required Elements

1. Rothera (UK): The Quest of the Golden Roll
2. Syowa (Japan): Sukiyaki
3. Maitri (India): Wintering Blues


Best Open Category Film

1. Macquarie Island (Australia): Eradication
2. Jubany (Argentina): Neptune’s Wrath
3. Mawson (Australia): Hut Fever

Jan

tirsdag 4. august 2009

Filmfestival i Antarktis

Vi er vortne inviterte til og delta i Antarktis filmfestival 2009.

Det er ein konkuranse som går ut på og laga ein film på 48 timar og som skal innehalde 5 element. Ein sinte kokk, rar hatt, vil du kjøpe ein hund, ein dorull og lyden når ein opnar ein boks (eks:colaboks).

Reglane er slik at vi får greie på elementa, startida og innleveringstida, ca 48 timar totalt. Og då er det berre og settja i gang.

Tittelen blei "Hunger at Troll". De kan sjå resultatet ved å gå inn på http://www.youtube.com/ og skriv inn Hunger at Troll eller klikka på linken under.
http://www.djupdal.org/asbjoern/bloggbilder/wiffa/


jan

Volvo 110F

Ja slik går det når ein tek seg ein tur på eigahand med ein 20 tonns hjullastar i -34 kuldegrader ut på isen. Det blei punktering på begge bakhjula og arbeid til seine natta for og berga dekka.

Som de ser av bilde under sleit vi fælt med omlegginga. Vi nytta ein 25 tonns luftjekk, men denne vart sprengd. Til slutt sette eg traktoren på gaflane og brukte krana på TL6en og nytta siste restane av krafta på luftjekken og fekk så slita siste bakhjula på plass med berre nævane.

Det var så kalt at begge hjula måtte inn på verkstaden og varmast for i heileteke og kunna arbeida med dei og få dei fylte med luft.
Dette var ein dyrkjøpt erfaring som eg håpar eg slepp delta i seinare.

jan