mandag 24. august 2009

Antennevandring

Laurdag 22.8 var det endelig klart til den etterlengta antennevandringa på Troll. Etter mykje overtaling og lokking ville endelig Asbjørn ta oss med på ein runde til alle antennane på stasjonsområdet.
Det er 2 store aktørar som er kunde hjå Polarinnstitutet. Det er Kongsberg Satelittservise (Ksat) og Norsk Innstitutt For Luftforskning (NILU).
Ksat står for dei store antennane. Dei tek ned innformasjon frå div. satelittar som surrar rundt jorda. Blant anna Galileo (navigasjon) og Geo Eye som er foto.

NILU har eit labratorium der dei tek inn div. luftprøvar og annalyserar dei.
Alle data vert så sendt over satelitt heim til Norge. Bilde over syner den store antennen på Sofietoppen. Sjølve ballen har ein diameter på vel 10m.
Her er parabolen inne i ballen. Denne søker mot satelittane og følger dei så i bana over Antarktis. Diameteren på denne er 7,10m.

Glad gjeng på tur. Frå venstre Asbjørn. Øyvind. Britt. og Per. Dag var att på stasjonen


På toppen vart det servert varm kakao og solbollar.
Det er 3 slike store antennar og div små her på stasjonen.
jan


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar