mandag 28. september 2009

Tur kassar

Laurdag 26.september tenkte eg at eg skulle prøva og nå alle turkassane på ein dag. Det hadde vore moro og fått navnet sitt på same dato i alle bøkene. Bøkene (turkassane) er plassert som her: Grotlia, Volkoskogogora, Trollhaugen, Nonnenshøgda og Sofietoppen.
Eg sette i gang kl 10,00 og venta ikkje og væra inne på Troll att før kl 21,00.

Her er eg kommen opp på Volkoskogogoratopp, med ei fantastisk ytsyn innover sydpolplatået.


No kan de sjå ned att til Trolltoppen og Nonnenshøgda med Sofietoppen i det fjerne.

På veg heim frå Sofietoppen passerte eg denne karen, han hadde nok overvintra han og men med eitt anna resultat enn vi som har det godt og varmt på stasjonen, naturen her i antarktis er ubarmhjertig.
Eg runda hjørna på stasjonen kl 18.00 nøyaktig, 3 timar føre skjema, så eg må tru formen er på topp.
jan



søndag 20. september 2009

Jutulsessen

På laurdag gjorde eg ein kjempefin tur. Eg utforska Jutulsessen, reiste i 12 tida og kom heim kl 1800, då hadde eg gått i eitt utan stopp. Klikkar de på karte så kan de følgja turen.
Eg starta med og gå ned i Mimebrønnen rundt Mimeneset for så og gå inntil fjellfoten av Trollkammen. I lia under Trollkammen har naturen rigga seg til med ein fuglegravplass, der ligg det på tusenvis av frysetørka fugel. Heile lia er brun av dø fugl. Gjekk vidare inn i Vassdalen og til endes av denne, snudde og gjekk tilbake til foten under Trollveikja for og ta rett opp lia, litt til høgre for Trollveikja, dette for å komma opp på Trollkammen. Her skal eg seia det var bratt, ja.
No var det berre og snu nasen heim til stasjonen, og den turen gjekk om Trollhaugen. Der er det et ein turkasse med noke godt i, og det skal eg seia smaka godt for ein elles så tørre strupe.



Endelig oppe på Trollkammen med utsikt til Vassdalen og Brugda i bakgrunn.


Artige stein i Mimebrønnen


Frysetørka fugl
jan



tirsdag 15. september 2009

Valg

Valget På Troll blei som forventa, kanskje blei vi litt forundra då vi såg at Frp står så sterkt blant overvinterarane. Men etter som vinteren har gått og praten just ikkje har stilna, vart nok mistanken no bekrefta. Vel folkens som det står i ei kjent bok, "tillgiv dei, for dei veit ikkje kva dei gjer" kloke ord, ikkje sant. Dei fleste parti var representert og resultatet vart som følgjande:
Ap 33,33%, Frp 33,33%, H 16,67% og Sv 16,67%. Og det var 100% frammøte. Eit stort skår i gleda var det at vi ikkje fekk levera resultatet, då det enno ikkje er opna for valg på nettet.Til valg vaken hadde kokka laga til skalldyrbord med kvitvin, så praten gjekk lett ut i dei små timar.

jan

søndag 13. september 2009

5 toppars tur


Ein av fritidssyslane på stasjonen er den såkalte 5 toppars turen. Det vil seia og bestiga 5 fjelltoppar på ein dag. Sofietoppen, Nonnshøgda, Trollhaugen, Grjotlifjellet og Klovningen.

Eg gjorde turen på laurdag. Starta i 11tida med og bestiga Trollhaugen, gjekk så i lia under Trolltindane sørover og opp på Grjotlifjellet. Vidare gjekk eg ned på baksida av Grjotlifjellet og kom ned til brefoten til Fjellimellombreen, derifrå følgde eg brefoten for så å gå opp på Klovningen.

Her sit eg og kosar meg på Klovningen, med solebærtoddy. No står det att og kryssa isen, for så og bestiga Nonshøgda og Sofietoppen som de ser i det fjerne.


Eg kom inn att kl1700 etter ein lang men fin tur. Sette meg rett i stampen med ein boks øl, tykte eg hadde fortjent det.


jan



søndag 6. september 2009

Trym

I dag er det dåpsdagen til Trym, barnebarn nr 3. Eg var med på dåpsermonien gjennom Skype. Fekk det direkte ned på nettet. Det er berre fantastisk å kunne væra på Troll stasjon i Antarktis og få væra med på dåpen til Trym i Helgerud kirke. Ei rørande oppleving var det då prest Torill Rojhan Søby lyfta opp Trym og helsa til meg. Takk.

Vil helsa til stolte foreldre, Brage og Eirik, besteforeldre tanter, onklar og grattulera med den store dagen.

Kl. 1400 vært dagen feira på stasjonen med kaffi og jordebær med kræm.

jan

lørdag 5. september 2009

BV 206

Denne veka var det 206en som fekk seg ny bakmontert kran. I tillegg fekk den seg ein grundig servise. Det har vore ei kald veke med tempraturar rundt -40 heil veka, så det passa godt og ta litt ettersyn på denne maskina no. 206en er ei strategisk maskin som går stort sett kvar dag. Det er egentlig ei fantastisk maskin som berre går og går. Den blir brukt til alt forefallande arbeid som til dømes, avfallshantering, køyring av fuelfat (jetfuel) og personbefordring. Når tempraturen sig under -30 er det ingen maskiner som likar seg, og då får dei stå i ro. 206en er den siste som blir parkert, men når det nærmar seg -35 må nok den og få kvila. Her er golvet i varmegarasjen. Det er ikkje isolert, kun 6mm stålplater. Så golvtempraturen er lik utetempraturen. Men under taket er det gjerne +35. Då er det godt og ha 2,5cm skummatter og stå på, så ikkje tærene blir svarte av kolbrand.
jan

Vaffletur

På kvar torsdag er det skisportens dag. Då er det full fræs på ski. Denne torsdagen gjekk turen til baksida av Grotlifjellet, der vi har sett opp eitt gammetelt med parafinovn og feltsenger. Vi starta turen kl 1800 og gjekk til Klovningen. Nokre på ski og nokre til fots. Derifrå gjekk alle til fots. Først over ein liten steirygg, vidare søraust bak Grotlifjellet heilt i kanten av Fjell i mellom breen, ca eitt par kilometer, og der står teltet. Britt hadde reist i førevegen og varma opp teltet. Så det var lunt og godt i teltet då vi karane kom etter med vaffler og kakao.
Vær: Klårvær med fullmåne og -38 grader. Under ser de Dag og Øyvind kosar seg med vaffler
.

jan