lørdag 5. september 2009

BV 206

Denne veka var det 206en som fekk seg ny bakmontert kran. I tillegg fekk den seg ein grundig servise. Det har vore ei kald veke med tempraturar rundt -40 heil veka, så det passa godt og ta litt ettersyn på denne maskina no. 206en er ei strategisk maskin som går stort sett kvar dag. Det er egentlig ei fantastisk maskin som berre går og går. Den blir brukt til alt forefallande arbeid som til dømes, avfallshantering, køyring av fuelfat (jetfuel) og personbefordring. Når tempraturen sig under -30 er det ingen maskiner som likar seg, og då får dei stå i ro. 206en er den siste som blir parkert, men når det nærmar seg -35 må nok den og få kvila. Her er golvet i varmegarasjen. Det er ikkje isolert, kun 6mm stålplater. Så golvtempraturen er lik utetempraturen. Men under taket er det gjerne +35. Då er det godt og ha 2,5cm skummatter og stå på, så ikkje tærene blir svarte av kolbrand.
jan

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar