tirsdag 4. august 2009

Volvo 110F

Ja slik går det når ein tek seg ein tur på eigahand med ein 20 tonns hjullastar i -34 kuldegrader ut på isen. Det blei punktering på begge bakhjula og arbeid til seine natta for og berga dekka.

Som de ser av bilde under sleit vi fælt med omlegginga. Vi nytta ein 25 tonns luftjekk, men denne vart sprengd. Til slutt sette eg traktoren på gaflane og brukte krana på TL6en og nytta siste restane av krafta på luftjekken og fekk så slita siste bakhjula på plass med berre nævane.

Det var så kalt at begge hjula måtte inn på verkstaden og varmast for i heileteke og kunna arbeida med dei og få dei fylte med luft.
Dette var ein dyrkjøpt erfaring som eg håpar eg slepp delta i seinare.

jan

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar