søndag 19. juli 2009

Ukevakt

Hei. Denne veka har eg vore ukevakt. Ukevakta er delt på oss 6 og går på omgang. Det og væra ukevakt innebær ein del plikter som eg skal prøva og forklara no. Først og fremt er det ei brannvakt, der vi går ein runde morgo og kveld. Dette for og vera føre var dersom noke skulle skje. Så er det og sjekka fryserar og kjølarar så ikkje det skjer noke med maten, for då kan det hende vi svelt, og det går ikkje.
Vidare er det og laga vatn. Vi har ein traktor med fræs bak. Den er rett og slett ein beiteknusar som vi køyrer ut på isen og fresar så opp isen. Så samlar vi den knuste isen og fyller den opp i eitt smeltekar. Der blir den smelta, pumpar så den smelta isen gjennom eitt renseanlegg og opp på ein dagtank. Og "det var det" så har vi det beste vatn ein kan tenkja seg.


Smeltekaret. Vi nyttar eksostempraturen frå aggregata til og smelta isen. Overskotsvarmen frå kjølinga på motorane vert nytta til oppvarming av stasjonen.



Og for at aggregata skal gå må vi bunkra diesel, det er og ukevakta sin jobb. Vi har diesel på conteinertankar. Det vært pumpa frå dei og over på ein stor tank som står i aggregathuset sidan går det automatisk inn på ein dagtank. Og aggregata kan no tussla og gå.
jan


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar