mandag 24. august 2009

Opplevelsetur til Buddamagen

Søndagen er den store turdagen for oss. Denne søndagen (23.8), var plan at turen skulle gå til Buddamagen.

Men den gang ei, ca 12-13km ut frå Troll gjekk motoren på Tl6en seg varm, og det var berre å stoppa. Opp med hytta, og stupte inn i maskinrommet. Der såg det ut, berre hjarta til radiatorvifta var å sjå, vifteblada låg fint posisjonert rundt omkring.
Kalla opp Troll på VHFen og bad om assistanse. Per kom ut med ein scooter, så bar det inn att etter deler.

Bytta vifta, og tok ein avkorta tur til Stabeisen då det leid på dagen.
Stabeisen er ein nunatak som er ute på isen i Jutulsessen.
Ein nunatak er ein fjelltopp som stikk opp av isen. Stabeisen er ein slik og stikk ca 25m opp og ser ut som ein kjøl på ein båt som ligg opp ned. Dette fordi isen har slite på den. Her kan de sjå eg ligg på magen inne i motorrommet og skifter vifte. Temp -30,
men vindstille heldigvis. På bilde kan de sjå sjølve viftehjarta, som de ser var alle vifteblada vekke. Vifteblada er justerbare og desse hadde lossna og teke bort i svingningsdemparen på motoren og forskruninga til denne og vart kappa opp i små betar.
jan


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar