søndag 22. mars 2009

Potevin i Antarktis

Eg site her og teinkjer, ka verden er det som ikkje har vore noken sinne på dette kontinent.


Amundsen, Scott, amerikanarar, indarar, argentinarar, nordmenn og kvinner, og folk frå mange andre nasjonar har vore her. Hundar, traktorar, fly, værballongar, sukker, panner ,telt, hus, gjær, snø, vind , øl, brennevin, poter og masse anna har vore, og er her, til og med ein sogning.
Som de ser er det mest ingen ting, eller folk, frå forskjellige nasjonar, som ikkje har vore her eller er her.

Jau pina deg teinkjer eg POTEVIN det er eg sikker på at ingen før meg har laga eller drukke på dette kontinent. Så det kan umulig ha vore her.


Eg er oppvoksen i Sogndal i Sogn med lett tilgang på sukker, gjær og andre tillsetningar , som blei flittig brukt i oppveksten. Men det var ikkje før eg flytta til Systrond at eg fekk ta del i nytelsen av ein lokal drikk som dei kalla potevin. Og det skal seiast at det er feite saker. Drikken blei ofte nytta i festelige lag når vi skulle bli litt løgnare enn vanlig. Den kunne og takast med på skiturar i fjellet, men då med blanda resultat. Det seiast på lokalspråket at den berre måtte nytast i laussnø. Og er ikkje til og anbefala på skareføre. Dette fordi det skjer noke løge med knea etter kort tid. Så eg fant fort ut at når den drikk skulle nytast, må det være under sikre (kontrollerte) høve.

Ja vell, tenkte eg, her er i alle fall noke som ikkje har vore eller vorte prøvd før i Antarktis. Eg sette i gang for og skaffa til veges råstoff. Dunk, poter, gjær, appelsiner, rosiner, hjortetakksalt og sukker. Alt var og få tak i, utan om sukker i dei mengdene som måtte til på 30l. Det er berre 40 kg på stasjonen. Og det skal vara heilt til første fly som kjem frå Cape Towen tidligast i november, så no ser prosjektet potevin ut til og stoppa opp. Redninga blei IPY (Internasdjonal Polar Year) Traversen som kom frå Sørpolen. Dei etterlet seg alle kjøyretøya og restprovianten sin her. Her var det berre og alliera seg med kokka som så stupte inn i matvogna. Blant kassar med soya karbonadar, sjokkoladar og anna mat som egentlig berre kyrene et, begynte ho og rista seg og fram kom ho med 10 kg med sukker. Likevel var det i minste laget så eg bestemde for og halvera mengden. Så blei gjort.


No var det berre og setja i gang. Onsdag 25. Februar blei det reglementert lagt 1.5 kg poter i frysen med skallet på, i ein plastpose. Disse fekk liggja der for å bli rettelig godt innfrosne. Laurdag den 28. Februar kl 1445 norsk tid blei så potetene tekne opp frå frysen og lagt i ei skål til tining. Dette er ein viktig sermoni då desse må ligga slik at ein tek vare på all avrenning i tine fasen. Skåla med dei frosne potene kan no stå på på disken med eit lokk på for og hindra fordamping. Potene kan no stå utan tilsyn eit par dagar og tina.


Mandag 2. Mars. No er alt klart og sjølve settjeprossen kunne startas. Og som sagt før, blei det til at eg ikkje skulle laga meir enn 15l av den sjeldne drikken pga. sukkerrasjoneringa. Alt var på plass. 15l vatten var i springen, potene på disken og der hadde det vokse seg fram rosiner, appelsiner og 20 gram gjær, som og sto på disken. Hjortetakksalte sto på øverste hylle, og den måtte eg ha krakk for og nå tak i. Sukkeret, som var trygt gøymd unna på ein lur plass (der ein og kan finna andre ting), vart henta fram. Dunken vart henta på renseanlegget og grundig reingjort og inspisert av underskrivne og stasjonsleiaren, som forresten har greia på litt av kvart. 15l vatten blei tappa opp. Dette blei lonka opp til kroppstempratur, sukkeret 5kg blei så rørt ut i dette. Så var det berre og henta potene og avrenninga. Desse var no mjuke, ja reint goe og ta på. Så skorne opp i skiver og lagt på toppen av vatnet. 4 stk appelsiner er skorne i båtar og blir lagde rundt potene som det ser ut som ei solie (løvetann) strør så på rosinene. Gjæren som på førehand er løyst opp i ca. 0,23dl blir hella på og ca ein halv boks hjortetakksalt, dette for og skvessa på gangen. Og så var det avrenninga etter potene, lett brun/svart på farge oppi med det og ferdig med det. Dette teinkje eg gjere susen. No føretek eg ei lett omrøring og spekulerar på om kvar dunken skal stå. Og det må bli på lomperommet (der arbeidskleda heng) på benken. Dunken blir no båren ut på lompen av 2 mann og pakk godt inn i ei dundyne, dette for og halde jevn tempratur. Gjæringsprosessen vil no starta etter kort tid og vil væra særs kraftig den første natta ,så den natta må eg ligga og halda på han så den ikkje bykser på golvet. Sidan er han rolig i ca 3 veker, då har gjæringa teke slutt og den kan tappast om til klarning.










Rett før vi legg oss







Når no potevin er ferdig skal den nytast i godt lag med goe vener og kanskje noke godt til.



Ferdig klar til tapping





Dette meinar eg er fyrste gong det er vorte gjort på dette kontinent. Dersom det er nokon der ute som kan motstrida dette må dei ta kontakt med underskrivne, så ikkje historien blir endra….



Potevin som no er under produksjon på Trollstasjon Dronnings Maud Land Antarktis vil bli servert på Påskafta samman med svidde sauahove og kanskje ein akevitt.



Eg vil komma tilbake med ein meir utfyllande reppotasje om potevinens virkningen på på det menneskelige ellement.


Velbekomme

jan

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar