fredag 26. juni 2009

Klatring i isprekker og solsnu fest.

Laurdag 20 juni ville Per, Asbjørn, Dag og eg ta oss ein tur å sjå etter bresprekker, og å prøva å klatra i dei. Vi rigga oss til med ein TL6 og sette kursen mot eitt brefall som heitte Fjellimellom breen. Kursen vart sett. Opp i Andre-fallet, forbi baksida av Klovningen og inn på breen.
Så bar det innover eitt par kilometer til vi kom til eitt sprekk område. Lettast var det å finna sprekkene ved og køyra over dei til vi får gjennomslag. Dette er ikkje farlig då sprekkene i område er maks 1m breide og maskina er 7 meter lang.

Endelig fann vi ei som var brei og djup nok til og klatra i.
No var det og forankra seg godt i Tl6`en og fira seg ned i issprekken.
Det beste er og finna nokre djupe og lange. Denne gongen var vi ikkje så heldige men litt klatring blei det.

Her er Asbjørn nede på ei snøbru, ca 15m.







Kart over område rundt Troll. Dei gule markeringane syner køyreruta opp på breen.







Vi har og feira solsnufest her på Troll. Som de ser av bilde fekk vi masse innvitasjonar frå dei andre stasjonane på kontinentet. men som de sikkert forstår så var det ikkje så godt og takka ja og reisa.





Programmet for helga.



jan






















































































































Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar