tirsdag 16. juni 2009

Helgaaktivitet.

Som de sikkert har forstått er det til tider svært hektiske på Troll. Her går det fort fram og det skjer stadig ting som må opnast og feirast.
Den 6 juni var det den nye conteinerrampa
som skulle opnast og feirast.
Vi blei bedne til opningsfest av sjølvaste "rampesjefen" Per

Det var flott laga til med lys frå stasjonen og bort på rampa. No kjem flyplasslysa til nytte.



Vi vart godt mottekne av Per som skjenka oss ein velkomst. Sidan bar det inn i ein conteiner til flott bordekning. Det blei servert Taco med masse godt til. Det var og no godt med noko varmt i kroppe, for det var same tempraturen inne som ute. Ca-25. Skal seia det var godt med styrelys tilbake til stasjonen.


Så var det ei heller rolig veke fram til laurdag morgon 13.6 Då det banka på døra mi og inn kom Per halsande. "det er noke gale med aggregatet, du må komma" sa han. Ja,ja, tenkte eg no, fryse me vel spint i hel dersom det stoppa. Spratt så opp, og på med arbeidsklede. Etter ei kort stund var konklusjon klar, defekt motorstyring (ECU) Denne måtte bytast, men først frukost. Og slik blei det. No mæle det som ein kosen katt.


Ut på dagen nærmare bestemt kl. 1700 var det offesiell opning av det nye trimrommet. Primus motor her er Øyvind og delvis Britt. Etter lang tids arbeid kunne han endelig be inn til opning. Det skjedde med brask og bram kl 1700. Etter ein svært så kort oppningstale klyppte han snora og "idrettssenteret" var opna. Folk strøymde på og det var tildels kamp om apperata. Det kjem tydelig fram på bilde.

Etterpå var alle samla til skalldyrdaften, og det skal seiast at det mangla ikkje på noke. Kreps,hummar, kongereker, vanlige reker og masse anna. Så var det bingo. Og der utmerka Asbjørn seg som den store bingoløva, han stakk av med storpremien som var ein pose med Bamse Mums. Vi blei sitjande til langt på kveld og praten gjekk.


Jan














Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar