søndag 11. oktober 2009

Snø rydding

Ja, her går det stortsett berre i brøyting på flyplassen. Fram og tilbake 100 meter brei og 3000 meter lang, skal seia det går unna.
Vi hadde brøytt ca halve flyplassen til helga og var godt nøgde. Mandag var det eit 2 timars vidieo møte med innstitutet i Tromsø, det gjekk på planlegging av sommersesongen. Så den dagen hadde vi opphold på brøytinga.
Tirsdagen starta vi opp med nytt pågangsmot. Jau, pina deg, vi kom ca eitt par km ut mot flyplassen då det sette til med storm. Vi såg ingen ting og måtte berre snu, og innatt bar det.
Føyka var så tett at vi måtte køyre etter GPS.
Den dagen gjekk føyken.

Her er 900m ferdig brøytt for andre gang

Onsdagen klårna det opp att. Vi stupte i køyretøya, men skuffelsen var stor når vi entra flyplassen. Det var meir snø no enn når vi starta brøytinga. Så no var det berre og setja i gang ei lydbok og begynna og flytta på snøen att. Det går no i Snorre Sturlason og norsk kongesaga. Maken til herjing og dreping, og detta skal vi væra stolte av. Men ken kan tru at Harald Hårfagre kjem frå Leikanger nærmare bestemd Husabø. (Kanskje Baldershagen).



Fint er det når været stemmer.
jan

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar