fredag 2. oktober 2009

Flyplassbrøyting

Hei og hå folkens, ja no nærmar det seg heimreise. Tirsdag denne veka byrja vi og brøyta flyplassen. Og det er litt av ein jobb, 3000 meter lang og 100 meter brei og med eitt snitt på 15cm snødjupn kan de tenkja at det er mange kubikk med snø som skal flyttast. I tillegg må vi brøyta snøen 50 til 100 meter utforbi flyplassen og fordela den utover, dette for og hindra skavelvirkning når det bles. På bilde over har vi brøyta over ein gang og skal til for andre gang og då er vi nede på isen.
Dette er det nye skjæret på hjullastaren, det rommar ca 15 kubikkmeter med snø. Det er eit Gjerstadskjær som har bevegelige venger desse kan slåast saman og ein kan skyva snøen over store strekningar. Saman med Volvo hjulastaren er dette eit fantastisk redskap til snørydding.

Brøytemanskap med utstryet oppstilt. Meg til venstre Dag i midten og Øyvind til høgre.
jan


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar