tirsdag 28. april 2009
Storm

onsdag 22. april 2009
Volkonskogogora

Fredag 16.04 planla Per, Asbjørn og meg ein tur til Volkonskogogora ein av dei høgaste toppane i Jutulsessen, som er i det same fjellområdet der Troll ligg. Det er meininga og leggja ut ein turkasse der, med ei bok som folk kan skriva navnet sitt i.
På laurdag kl 1230 starta turen frå Grotlid, vi venta til sola stakk seg fram, det var -30 grader så det var godt og nett kjenna solstrålane varma, så vidt. Frå Grotlid og opp er det god stigning og tungt og gå. Etter ei kort stund hadde vi på oss stigejarn, det er behageligare og gå på snø og is enn i ei bratt steinur. Og oppover bar det. Godt og vel
halvveges åt vi mat for og samla krefter til siste stigninga.
Etter det tok det ca 1 time til var vi oppe på sjølve platået. De kan klikka på det fyrste bilde og sjå ruta. Sidan var det slakkt innover til Volkonskogogora toppen, 3 kvarters gange. På toppen som ligg 2018m er det ei fin utsikt. Is og fjell. Vi ser langt inn på Sørpolplatået og alle fjelltoppane i Jutulsessen. Klovningen, Brugda, Buddamagen, Stabben med fleire. Det er mange som er utan navn og det er fleire som det ikkje har vore folk på.
Vi plasserte boksen med navnboka bak eitt par steinar og plotta plasseringa inn på GPS’en, etter først å ha skrive inn navna våre. Så no var det og
venda nasen heim.
Vel heime på Troll avslutta vi turen med ein iskald øl i stampen med +36 i vatnet -30 i lufta, kjempe herlig.

jan
fredag 17. april 2009
Vel overstått Påske
Dei tre dagane før Skjærtorsdag gjekk til litt rydding og eitt heller så innteresant GPS kurs. Asbjørn var kurshaldar. Den praktiske oppgåva var og finna nokre punkt som var plotta inn på GPS¨en rundt om på stasjonsområde. Dette var svært artigt, og finna ut at eg rota meg heilt vekk då eg skulle finna punktet som ligg lengst frå stasjonen, og det var ca 100 m. Ja ja som de sikkert veit er det fælt lita pil og tal på GPS`en. Skal tru om det er ein tanke og få seg ein GPS som kan snakka.
På Skjærtorsdag og Langfredag reiste Øyvind, Dag, Asbjørn og Britt ut på flyplassen for og bygga igloo. Dei hadde sett ein filmsnutt på nettet om ein eskimo som bygde iglo på 40 minutt så derfor tok dei mål av seg til og gjera det på ein dag. Dette synte seg og væra ei stor oppgåve, når det vart kveld på Langfredag var dei omtrent halvferdige. Per og eg satsa på løypepre
Og så var det Langfredagkveld og vi skulle rettelig ha fest. Svidd sauahove, akkevitt og POTEVIN. Herregud. Ingen ting hadde dei greia på, jau kanskje akkevitt. Skeptiske var dei til sauahove der det låg på talerkenen og såg opp på dei, men potevin såg det ut til at dei greidde godt. Og som de veit er det feite saker. Praten
Søndagen gjekk med til snørydding. Ut på kveldinga ville Asbjørn,Britt og Per ut og overnatta i iglooen. Underskrevne laga til 206 (beltevogna) og utover bar det kl 2230. Vel ute rigga dei seg til med feltsenger og styra fælt på. Dei hadd
Måndag var det opp kl 0800 inn i 206¨en og ut til igloen for og sjå om det var liv, og sannelig kunne eg høyra dei, det var ei natt med – 25 inne i igloen så det var stor stemning for og komma inn at på stasjonen i ein viss fart. Men dei hadde klart det. Ei natt i igloo.
Mandagen avslutta eg påska med ein flott tur i skiløypa. Og om
jan
torsdag 9. april 2009
Kvifor eg er på Troll

Kvifor eg er på Troll, ja det var eitt godt spørsmål. Eg er tillsett her som mekanikar/maskinkøyrar og det er ikkje lite berre det. Denne stillinga innebær, at eg må til ei kvar tid, syta for at det vi har av maskiner og køyretøy må vera opperativ og å kunna køyra desse.
Her på stasjonen har vi mange typar maskiner og køyretøy, eg skal no nevna nokre. 3 stk Prinoth Evrest og ein T4S trakkemaskiner, ein stk JCB Fastrac, ein stk Volvo F 110 hjullastar,
2 stk ABS gravemaskiner, ei på 7t og ei på 4t, 4 stk beltevogner Berco TL6 og 2 stk Hegglunds 206 2 stk store aggregat 240kw (400v) kvar og ein bråte med mindre aggregat såkalt nødaggregat, her er det nød på nød med det meste så vi ikkje frys i hel. Vidare har vi 8 stk Jamaha snøscooterar, 2 totaktarar og 6 firetaktarar, ein ATV 6 hjuling som K.SAT eig, ein Toyota Hilux, fuelpumpe til fly og ein fuel tuniose converter som er ein liten historie for seg. Det er ein liten jetmotor som blir kopla på Herkulesen for og forvarma motorane før start. Denne bråkar så fælt at eg har aldri høyrt på maken og eg har høyrt mykje. Og så har vi eitt bra anntal med utstyr til de fleste maskinene. Så de skjønnar det er masse og henga fingrane i.
Det som har vore det store no i mars
er revisjon på dei to store aggregata. Det er to stk Scania DI 12 62 M som har fått full overhaling på grunn av sylinderpolering og derav stort olje forbruk. Det var ei stor utfordring fordi eg byrja ikkje på jobben før vi vart isolerte og difor ikkje hadde muligheit til og få inn deler dersom det mangla noke, men det gjekk greitt, litt vil det alltid bli.
Vidare blir det og ta inn alle TL6 ane og ta full servise og sjekk etter at dei kom med IPY (Internasjonal Polar Year) dei har belta heile den lange vegen frå sørpolen. Ca 2500 km.
Så går det slag i slag med alt det
andre utstyret heilt fram til jul.
Her på stasjonen har vi mange typar maskiner og køyretøy, eg skal no nevna nokre. 3 stk Prinoth Evrest og ein T4S trakkemaskiner, ein stk JCB Fastrac, ein stk Volvo F 110 hjullastar,
Det som har vore det store no i mars
Vidare blir det og ta inn alle TL6 ane og ta full servise og sjekk etter at dei kom med IPY (Internasjonal Polar Year) dei har belta heile den lange vegen frå sørpolen. Ca 2500 km.
Så går det slag i slag med alt det
God Påske.
jan
lørdag 4. april 2009
Brannøvelse
26.03 hadde vi til no den største brannøvelse på Troll, etter at vi kom. Vi blei vekte kl 0030 av at brannalarmen gjekk. Det er slik her på huset at på grunn av forholda, er det sett store krav til sikkerheit. Det vil seia at det er oppretta ein nødstasjon der vi har eitt minimum av klede, og utforbi døra på rommet heng det varmedress med tillbehøyr som skal berre brukast i tilfelle brann eller liknande.
Så no var det berre og hoppa i varmedressen og springa ut nødutgangen til oppmøte
nokre få minutt. Vi var då samla og det vart valt ut 3 røyk-dykkarar som skulle ta seg inn på stasjonen og finna ut kvar det brann, og starta sløkinga. Eg skulle i gammle kraftstasjon og fylla vatn frå smeltekaret over i dagtank. Vidare var det og henta brannpumpa og setta den klar ved stampen.
Røykdykkarane som var Asbjørn, Dag og Øyvind søkte no inne i stasjon. Asbjørn og Dag inne og Øyvind som var tredjemann og passa slangen ute. Alarmen kom frå sone 1 som er kjøkkenet og der var feittgryta gløymd, denne vart fort sløkt og vi kunne trekka oss tilbake og ta ein gjennomgang på øvinga.
Smeltekaret var heldigvis fullt.
jan
torsdag 2. april 2009
Renfjellsrennet
Løypa blei køyrd opp av Per nokre dagar på førehand. Den har start ved verkstaden og går ut til flyplassen og tilbake, så vidare til Klovningen og retur. Dette blir til saman 28km som skulle gåast to
ganger.

Når påmeldinga vart offentelig, synte det seg at det var 100% deltagelse av overvintrerane. Vi laga oss til med start og målområde og selvfølgelig matstasjon/varmebu.
Det var fellesstart kl 0920 og så var det i gang. Vi kunne velga om vi skulle gå 56, 28, eller 18 km. Og når kvikksølvet passerte -20 valde eg 28km, og det trur eg i ettertid var rett.
Mat/varmebua blei flittigt nytta av løperane ved passering.
Resultata blei som følgande: Per gjekk heile løypa på 6t og 37min.
Godt og komma inn i varmebua.
Jan
Abonner på:
Innlegg (Atom)