onsdag 22. april 2009

Volkonskogogora


Fredag 16.04 planla Per, Asbjørn og meg ein tur til Volkonskogogora ein av dei høgaste toppane i Jutulsessen, som er i det same fjellområdet der Troll ligg. Det er meininga og leggja ut ein turkasse der, med ei bok som folk kan skriva navnet sitt i.
På laurdag kl 1230 starta turen frå Grotlid, vi venta til sola stakk seg fram, det var -30 grader så det var godt og nett kjenna solstrålane varma, så vidt. Frå Grotlid og opp er det god stigning og tungt og gå. Etter ei kort stund hadde vi på oss stigejarn, det er behageligare og gå på snø og is enn i ei bratt steinur. Og oppover bar det. Godt og vel halvveges åt vi mat for og samla krefter til siste stigninga.
Etter det tok det ca 1 time til var vi oppe på sjølve platået. De kan klikka på det fyrste bilde og sjå ruta. Sidan var det slakkt innover til Volkonskogogora toppen, 3 kvarters gange. På toppen som ligg 2018m er det ei fin utsikt. Is og fjell. Vi ser langt inn på Sørpolplatået og alle fjelltoppane i Jutulsessen. Klovningen, Brugda, Buddamagen, Stabben med fleire. Det er mange som er utan navn og det er fleire som det ikkje har vore folk på.
Vi plasserte boksen med navnboka bak eitt par steinar og plotta plasseringa inn på GPS’en, etter først å ha skrive inn navna våre. Så no var det og venda nasen heim.
Vel heime på Troll avslutta vi turen med ein iskald øl i stampen med +36 i vatnet -30 i lufta, kjempe herlig.

jan






































Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar