lørdag 4. april 2009

Brannøvelse



26.03 hadde vi til no den største brannøvelse på Troll, etter at vi kom. Vi blei vekte kl 0030 av at brannalarmen gjekk. Det er slik her på huset at på grunn av forholda, er det sett store krav til sikkerheit. Det vil seia at det er oppretta ein nødstasjon der vi har eitt minimum av klede, og utforbi døra på rommet heng det varmedress med tillbehøyr som skal berre brukast i tilfelle brann eller liknande.
Så no var det berre og hoppa i varmedressen og springa ut nødutgangen til oppmøteplass som er nødstasjon. Dette gjekk på
nokre få minutt. Vi var då samla og det vart valt ut 3 røyk-dykkarar som skulle ta seg inn på stasjonen og finna ut kvar det brann, og starta sløkinga. Eg skulle i gammle kraftstasjon og fylla vatn frå smeltekaret over i dagtank. Vidare var det og henta brannpumpa og setta den klar ved stampen.
Røykdykkarane som var Asbjørn, Dag og Øyvind søkte no inne i stasjon. Asbjørn og Dag inne og Øyvind som var tredjemann og passa slangen ute. Alarmen kom frå sone 1 som er kjøkkenet og der var feittgryta gløymd, denne vart fort sløkt og vi kunne trekka oss tilbake og ta ein gjennomgang på øvinga.



Smeltekaret var heldigvis fullt.







jan
















Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar