fredag 17. april 2009

Vel overstått Påske

Hei folkens ja no er ”endelig” påsken over og vi kan gå ein fargerik kvardag i møte. Påsken her på Troll var heller rolig som de no snart vil forstå.
Dei tre dagane før Skjærtorsdag gjekk til litt rydding og eitt heller så innteresant GPS kurs. Asbjørn var kurshaldar. Den praktiske oppgåva var og finna nokre punkt som var plotta inn på GPS¨en rundt om på stasjonsområde. Dette var svært artigt, og finna ut at eg rota meg heilt vekk då eg skulle finna punktet som ligg lengst frå stasjonen, og det var ca 100 m. Ja ja som de sikkert veit er det fælt lita pil og tal på GPS`en. Skal tru om det er ein tanke og få seg ein GPS som kan snakka.
På Skjærtorsdag og Langfredag reiste Øyvind, Dag, Asbjørn og Britt ut på flyplassen for og bygga igloo. Dei hadde sett ein filmsnutt på nettet om ein eskimo som bygde iglo på 40 minutt så derfor tok dei mål av seg til og gjera det på ein dag. Dette synte seg og væra ei stor oppgåve, når det vart kveld på Langfredag var dei omtrent halvferdige. Per og eg satsa på løypeprepparering. Langrennsløypa vår som går frå Troll og til Klovningen og tilbake hadde fått stygg medfart etter eitt par stormar, så det var mykje og ta tak i. Vi rigga oss til med ein Evrest og ein T4S med fres og sporkjelke. Sidan fresa vi opp eitt nytt spor på blåisen med fresen som vi brukar til og fresa is til vatnproduksjon. Den heilt raoe (råe) på isen. Så når fredagen var omme hadde vi ei førsteklasses løype på 10 km.
Og så var det Langfredagkveld og vi skulle rettelig ha fest. Svidd sauahove, akkevitt og POTEVIN. Herregud. Ingen ting hadde dei greia på, jau kanskje akkevitt. Skeptiske var dei til sauahove der det låg på talerkenen og såg opp på dei, men potevin såg det ut til at dei greidde godt. Og som de veit er det feite saker. Praten gjekk no lystigt og maten vart likt av alle. Det heile enda i stampen under ein stjerneklar sørpolhimmel, med sørkorset rett over hove. Festen tok slutt for underskrivne når han prøvde og dansa jenka på knea, med etterpåkommande kul i skallen. Det var og dei som meinte det kunne vera eitt forsøk reilendar utan dansepartner og halda seg i, men rundt gjekk det i allefall. Og Laurdagen kom . Ut frå dei erfaringane eg har med potevin var det berre og stryka laurdagen frå kalendaren.
Søndagen gjekk med til snørydding. Ut på kveldinga ville Asbjørn,Britt og Per ut og overnatta i iglooen. Underskrevne laga til 206 (beltevogna) og utover bar det kl 2230. Vel ute rigga dei seg til med feltsenger og styra fælt på. Dei hadde vist og noke godt med seg og. Ja ja -27 !!! Får no håpa det går godt tenkte eg. Dei hadde Iridium telefon med så det var berre og ringa så skulle eg henta dei. ¨No får de legga dikka med ein gang, og ikkje fara ute og springa ¨sa eg og gliste og reiste.
Måndag var det opp kl 0800 inn i 206¨en og ut til igloen for og sjå om det var liv, og sannelig kunne eg høyra dei, det var ei natt med – 25 inne i igloen så det var stor stemning for og komma inn at på stasjonen i ein viss fart. Men dei hadde klart det. Ei natt i igloo.
Mandagen avslutta eg påska med ein flott tur i skiløypa. Og om kvelden åt vi ein betre middag og såg Olsenbanden tar gull.

jan














Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar