søndag 3. mai 2009

1. mai

Ja, så var det allerede 1 mai og det måtte og markerast her på Dronning Maud Land.Programmet var laga på førehand: Det starta med flaggheising kl 1000, og sidan var det felles frukost kl 1003, med Internasjonalen strøymande ut frå eteren i bakgrunn.

1. mai toget gjekk i den ny trakka utforbakken under Trollhaugen. Der vi sklei i flott prossesjon nedover med flagg. I botten av bakken står det ein Evrest klar til og dra oss opp att.



Varmestova blei flittigt nytta. Der var det varm gløgg og pølsene hang laust i panna. Som de ser av bilde, var iveren stor, når parolen blei diskutert.



På veg opp att.



1. mai talen var dagens høgdepunkt. Den vart helden av underskrivne som hadde eitt særs engasjerande publikum. Talen blei helden i sterk storm frå øst, så ordet breidde seg ut i verden i vestlig rettning. Når det no lei så langt på dagen, er det vanskelig og gjengi heile talen då gløggen gjorde til at parolen vart svevande. Men som de ser måtte stasjonssjefen halda seg, då det svimla for han, når han høyrde krava våre.
Dagen blei så avslutta i god ånd, då vi såg gymnaslærar Pedersen ( noke fæla greier).
God første mai
jan






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar