mandag 18. mai 2009

16-17 Mai og litt til



Det har no vore hektiske tider her hjå oss. Frå 5 mai og til 14 mai har vi stort sett hatt dårlig vær, vi har hatt orkan i kasta og det er målt over 40 sekundmeter. Ein del av IPY utstyret sleit seg og brasa i saman. Litt skade blei det, men stortsett gjekk det bra.

10 mai var siste soldagen, det merka ikkje vi i uværet, så vekke er ho.

16 mai vakna vi til -35 og frose avløp, dermed ingen dusjing eller toalett (driting inne). Vel her var det berre og setja i gang med tining, og ut på kvelden var det opne slusar att.

Etter ein god dusj og vellukka hårklipp på Per, Øyvind, og underskrivne, kunne kokka varta opp med ost og kjeks, i bakgrunn lukta det potevin. Etter mat sat vi rundt bordet og spelte eitt spel som heitte Gruble. Og vi vart svært glade då det vart akkurat nok potevin og Norge vann GP.

17 mai vart vi vækte til frukost kl 0800 då vi skulle sjå oss sjølve på tv kl 0808. Sidan var det stramt program utover dagen. Flaggheising, leikar og full pakke, som de forstår.







Program før dagen.


Av leikar var det mjølkespannkasting. eggeløp og fatkasting. Når det gjalt eggeløp var det greitt, for det var -35, og då fraus egga tvert, forresten var visst eit par kokte og.



Asbjørn og Per i kvar si grein




Mjelkespann og fatkasting










Menyen var rømmagraut og spekemat. Og heilt til venstre underskrivne i finstasen saman med kjentsfolk.

jan

2 kommentarer:

  1. Dykkar 17. mai feiring står ikkje tilbakes for feiringa i gamle landet :-)

    SvarSlett
  2. Men da va no litt nedtur at du ikkje hadde bunad.

    SvarSlett