mandag 6. juli 2009

På tur til "Trym`s" gryte

Søndag den 28 juni besøkte vi, Per, Dag og eg ein stor snøskavel som ligg inntil ein fjell som ikkje har noke navn. Det er lokalisert rett bak Stabben. Det starta med ein køyretur på ca 1 time, ut til flyplassen og sidan rett aust 7km.
Det byrja og å blåsa opp litt så vi sleit med sikten, men med gps så er det ikkje problem.
Vel framme kosa vi oss med ein kopp kaffi før vi rigga oss til med stigjarn. sælatøy og tau.
Vi gjekk så over kanten og ned i botnen på ei stor gryte som er ca 500m lang og 60/70 meter høg på det høgste. Gryta går rett aust 200m så 90 grader mot sør ca 300m mot Buddamagen.
Sjølve snøskavelen har eitt overheng på 8 til 10meter og er ca 60m høg, og ligg ca 10meter frå fjellet som er steilt og er ca 70meter høgt. Detta er feite saker.
Det var vanskelig og ta bilder då det no er mørkt heile tida, og det var snøstorm på gang.
Vel tilbake til køyretøyet var det godt med mat, og praten gjekk om at denne gryta måtte få eitt navn.
Trym`s gryte var eitt forslag, så no står det att og sjå om det blir slik.

jan

2 kommentarer: