fredag 11. desember 2009

Fjakedag i Cape Town

I dag var den varmaste dagen eg har opplevd på lenge og vi bestemde oss for berre og svima rundt. Som de ser av bilde var det fleire som kosa seg i varmen. Vi sette oss på ein dobbeldekkar turistbuss som var open oppe og blei frakta rundt.
Turen gjekk forbi mange historiske plassar og ein som gjorde seg bemerka var District 6 som har spelt ein stor rolle i alt det styret det var om apartheid. Her blei alle flyta og alle hus gjevna til jorda. Og på grunn av byråkratiet her får dei ikkje til og byggja noko nytt, og denne pletten ligg berre med ugras og sandhaugar so syner den urett som dei farga blei utsett for.


Turen bar så vidre til Camps Bay der det var tid for strandvandring. Det var masse folk som bada og sola seg, badetempraturen var det so som so med då eg meinar alt under 30 grader er forkastelig.

Tempraturen i Cape Town kl 1600. Skal seia me kosa oss-
jan




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar