torsdag 10. desember 2009

Table Mountain

Dette var ein spennande dag. Etter ein elles så friske dag i går, avsluttande med vintesting og ein del kritiske røyster om støttestig og anna, lurer eg no på om det ikkje hadde vore godt med ein tredje fot, berre i tillfelle.
Så for og komma til saken, i dag var vi med taubana opp til Table Mountain. Godt 1000 høgdemeter på 3min. Med gårsdagen vintesting rikt i minne må eg seia at eg sleit med høgde skrekk, så eg kreka meg fort inn på fast grunn og kikka rundt etter ein restaurant. Når no den fælaste skrekken la seg kunne eg vandra rundt og sjå ei fantastisk utsikt.

Her oppe kan ei sjå utover heile Cape Town. Byen er ca 100km lang og 70 km brei og med registrerte 3,5 million innbyggarar er det svære saker. Her oppe kan du sjå til Kapp det gode håp i sør og så langt auga rekk i nord.
jan

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar