torsdag 9. april 2009

Kvifor eg er på Troll


Kvifor eg er på Troll, ja det var eitt godt spørsmål. Eg er tillsett her som mekanikar/maskinkøyrar og det er ikkje lite berre det. Denne stillinga innebær, at eg må til ei kvar tid, syta for at det vi har av maskiner og køyretøy må vera opperativ og å kunna køyra desse.
Her på stasjonen har vi mange typar maskiner og køyretøy, eg skal no nevna nokre. 3 stk Prinoth Evrest og ein T4S trakkemaskiner, ein stk JCB Fastrac, ein stk Volvo F 110 hjullastar, 2 stk ABS gravemaskiner, ei på 7t og ei på 4t, 4 stk beltevogner Berco TL6 og 2 stk Hegglunds 206 2 stk store aggregat 240kw (400v) kvar og ein bråte med mindre aggregat såkalt nødaggregat, her er det nød på nød med det meste så vi ikkje frys i hel. Vidare har vi 8 stk Jamaha snøscooterar, 2 totaktarar og 6 firetaktarar, ein ATV 6 hjuling som K.SAT eig, ein Toyota Hilux, fuelpumpe til fly og ein fuel tuniose converter som er ein liten historie for seg. Det er ein liten jetmotor som blir kopla på Herkulesen for og forvarma motorane før start. Denne bråkar så fælt at eg har aldri høyrt på maken og eg har høyrt mykje. Og så har vi eitt bra anntal med utstyr til de fleste maskinene. Så de skjønnar det er masse og henga fingrane i.
Det som har vore det store no i mars er revisjon på dei to store aggregata. Det er to stk Scania DI 12 62 M som har fått full overhaling på grunn av sylinderpolering og derav stort olje forbruk. Det var ei stor utfordring fordi eg byrja ikkje på jobben før vi vart isolerte og difor ikkje hadde muligheit til og få inn deler dersom det mangla noke, men det gjekk greitt, litt vil det alltid bli.
Vidare blir det og ta inn alle TL6 ane og ta full servise og sjekk etter at dei kom med IPY (Internasjonal Polar Year) dei har belta heile den lange vegen frå sørpolen. Ca 2500 km.
Så går det slag i slag med alt det andre utstyret heilt fram til jul.

God Påske.
jan













1 kommentar:

  1. Eg veit nok grunnen til kvifor du er på Troll. Jau grunnen er den at då slepp du å vaska golva og styra med klesvask i heimen dykkar :-)

    Du lurer nok ikkje meg.

    SvarSlett