søndag 6. september 2009

Trym

I dag er det dåpsdagen til Trym, barnebarn nr 3. Eg var med på dåpsermonien gjennom Skype. Fekk det direkte ned på nettet. Det er berre fantastisk å kunne væra på Troll stasjon i Antarktis og få væra med på dåpen til Trym i Helgerud kirke. Ei rørande oppleving var det då prest Torill Rojhan Søby lyfta opp Trym og helsa til meg. Takk.

Vil helsa til stolte foreldre, Brage og Eirik, besteforeldre tanter, onklar og grattulera med den store dagen.

Kl. 1400 vært dagen feira på stasjonen med kaffi og jordebær med kræm.

jan

lørdag 5. september 2009

BV 206

Denne veka var det 206en som fekk seg ny bakmontert kran. I tillegg fekk den seg ein grundig servise. Det har vore ei kald veke med tempraturar rundt -40 heil veka, så det passa godt og ta litt ettersyn på denne maskina no. 206en er ei strategisk maskin som går stort sett kvar dag. Det er egentlig ei fantastisk maskin som berre går og går. Den blir brukt til alt forefallande arbeid som til dømes, avfallshantering, køyring av fuelfat (jetfuel) og personbefordring. Når tempraturen sig under -30 er det ingen maskiner som likar seg, og då får dei stå i ro. 206en er den siste som blir parkert, men når det nærmar seg -35 må nok den og få kvila. Her er golvet i varmegarasjen. Det er ikkje isolert, kun 6mm stålplater. Så golvtempraturen er lik utetempraturen. Men under taket er det gjerne +35. Då er det godt og ha 2,5cm skummatter og stå på, så ikkje tærene blir svarte av kolbrand.
jan

Vaffletur

På kvar torsdag er det skisportens dag. Då er det full fræs på ski. Denne torsdagen gjekk turen til baksida av Grotlifjellet, der vi har sett opp eitt gammetelt med parafinovn og feltsenger. Vi starta turen kl 1800 og gjekk til Klovningen. Nokre på ski og nokre til fots. Derifrå gjekk alle til fots. Først over ein liten steirygg, vidare søraust bak Grotlifjellet heilt i kanten av Fjell i mellom breen, ca eitt par kilometer, og der står teltet. Britt hadde reist i førevegen og varma opp teltet. Så det var lunt og godt i teltet då vi karane kom etter med vaffler og kakao.
Vær: Klårvær med fullmåne og -38 grader. Under ser de Dag og Øyvind kosar seg med vaffler
.

jan

mandag 24. august 2009

Opplevelsetur til Buddamagen

Søndagen er den store turdagen for oss. Denne søndagen (23.8), var plan at turen skulle gå til Buddamagen.

Men den gang ei, ca 12-13km ut frå Troll gjekk motoren på Tl6en seg varm, og det var berre å stoppa. Opp med hytta, og stupte inn i maskinrommet. Der såg det ut, berre hjarta til radiatorvifta var å sjå, vifteblada låg fint posisjonert rundt omkring.
Kalla opp Troll på VHFen og bad om assistanse. Per kom ut med ein scooter, så bar det inn att etter deler.

Bytta vifta, og tok ein avkorta tur til Stabeisen då det leid på dagen.
Stabeisen er ein nunatak som er ute på isen i Jutulsessen.
Ein nunatak er ein fjelltopp som stikk opp av isen. Stabeisen er ein slik og stikk ca 25m opp og ser ut som ein kjøl på ein båt som ligg opp ned. Dette fordi isen har slite på den. Her kan de sjå eg ligg på magen inne i motorrommet og skifter vifte. Temp -30,
men vindstille heldigvis. På bilde kan de sjå sjølve viftehjarta, som de ser var alle vifteblada vekke. Vifteblada er justerbare og desse hadde lossna og teke bort i svingningsdemparen på motoren og forskruninga til denne og vart kappa opp i små betar.
jan


Antennevandring

Laurdag 22.8 var det endelig klart til den etterlengta antennevandringa på Troll. Etter mykje overtaling og lokking ville endelig Asbjørn ta oss med på ein runde til alle antennane på stasjonsområdet.
Det er 2 store aktørar som er kunde hjå Polarinnstitutet. Det er Kongsberg Satelittservise (Ksat) og Norsk Innstitutt For Luftforskning (NILU).
Ksat står for dei store antennane. Dei tek ned innformasjon frå div. satelittar som surrar rundt jorda. Blant anna Galileo (navigasjon) og Geo Eye som er foto.

NILU har eit labratorium der dei tek inn div. luftprøvar og annalyserar dei.
Alle data vert så sendt over satelitt heim til Norge. Bilde over syner den store antennen på Sofietoppen. Sjølve ballen har ein diameter på vel 10m.
Her er parabolen inne i ballen. Denne søker mot satelittane og følger dei så i bana over Antarktis. Diameteren på denne er 7,10m.

Glad gjeng på tur. Frå venstre Asbjørn. Øyvind. Britt. og Per. Dag var att på stasjonen


På toppen vart det servert varm kakao og solbollar.
Det er 3 slike store antennar og div små her på stasjonen.
jan


lørdag 22. august 2009

Men tankene mine får du aldri

"Men tankene mine får du aldri" er ei bok skreven av Sverre Asmervik og er vel vært og lesa. Men tankane mine er og vel vært og spreia rund. Etter 6 månader i issolasjon er det no føreteke grundig undersøkelse av tankevirksomheiten av mekanikaren på stasjonen, og det er dokkumentert på bilde under.
Etter so lang tid i einsemd er det stort sett enkle og greie tankar som no har festa seg i hjernebarken.

jan

søndag 16. august 2009

Sukkerkrisa


Etter at den no føromtalte sukkerkrisa på Troll stasjon no er over, og det har vokse seg fram sukkersekker på sukkersekker, er det no sett i gang forsøk med ein ny potevin dunk.

Det nye er no mangel på appelsiner, så kva kan vi bruka i staden for. Jau, det stakk seg fram ein luring med eit spann appelsinmarmelade. Så no var det berre og setja i gang.
Ja, no stå den atter ein gang på lompen. Og som de veit må eg nok ligga med han førset natta så han ikkje bykser på golvet.
jan